Pasientutveljing ved Privatsykehuset Haugesund
Pasientar der ein kan forvente problem under eller etter operasjonen kan i mange tilfelle ikkje få eit tilbod. I denne vurderinga blir det lagt avgjerande vekt på eventuelle tilleggslidingar, røyking og vekt. Om tilvisande lege ser at pasienten opplagt fell utanfor desse kriteria tilrår ein å vise pasienten til eit offentleg sjukehus.
Ved utveljing av pasientar blir følgjande vurdert:
- Type og omfang av det kirurgiske inngrepet
- Anestesimetode og risiko for etterveknader
- Postoperativ smertebehandling
- Pasienten sitt samtykkje til å reise heim same dag
- Totalvurdering av om pasienten er eigna med omsyn til fysisk, psykisk og sosial situasjon, evne til å klare seg sjølv etter utreise med naudsynt rehabiliteringsprogram
- Pasienten skal ikkje vere åleine første døgnet etter operasjonen
. Som hovudregel skal pasientane vere i ASA-klasse 1 eller 2. Paisentar i ASA
- Klasse 3 kan vere aktuelle dersom dei er stabile og har akseptabelt funksjonsnivå
ASA-klassifikasjon
Gradering av fysiologiske tilstandar utarbeidd av ASA=American Society if Anesthesiologists. Generelt kan ein seie at ASA-klasse 1 og 2 omfattar “friske” pasientar, mens ASA-klasse 3, 4 og 5 omfattar “sjuke” pasientar.
ASA-klasse 1. Frisk pasient. Ingen organisk, fysiologisk, biokjemisk eller psykiatrisk forstyrrelse. Aktuell lidelse er lokalisert og gir ikke generelle systemforstyrrelser. Alder < 80 år, Røyk < 5 sigaretter per dag. Eks: Frisk 50-åring, ikke-røyker til meniskoperasjon.
ASA-klasse 2. Moderat organisk lidelse som ikke forårsaker funksjonelle begrensninger, men som kan forårsake spesielle forholdsregler eller anestesitekniske tiltak. Alder > 80 år og nyfødte < 3 mnd. Røyk > 5 sigaretter per dag. Eks: Lett organiske hjertesykdom. Ukomplisert diabetes. Benign ukomplisert hypertensjon.
ASA-klasse 3. Alvorlig organisk sykdom eller forstyrrelse som gir definerte funksjonelle begrensninger. Eks: Diabetes med organkomplikasjoner. Invalidiserende hjertesykdom. Angina pectoris, gjennomgått hjerteinfarkt (>6 mnd.) Moderat til alvorlig lungesykdom.
ASA-klasse 4. Livstruende organisk sykdom. Eks: Malign hypertensjon. Nylig (<6 mnd) gjennomgått hjerteinfarkt. Sterkt fremskreden lever-, nyre-, lunge- eller endokrin dysfunksjon, Manifest hjertesvikt. Ustabil angina pectoris.
Vekt
Sjukehuset kan ikkje gje anestesi til pasientar med KMI (kroppsmasseindeks) over 35. Pasientar med KMI 30-35 blir vurderte individuelt avhengig av type inngrep og alternative aktuelle anestesimetodar.
Lungesjukdom
Pasientar med lungesjukdom kan opererast dersom tilstanden er stabil, kan graderast som lett- moderat og pasienten har god fysisk kapasitet. Pasientar med lungesjukdom som er i ASA-klasse 3, skal som hovudregel ikkje opererast ved sjukehuset.
Hjartesjukdom
Pasientar som har hatt hjarteinfarkt siste 12 månader skal ikkje opererast ved sjukehuset. Pasientar med koronarsjukdom kan opererast dersom tilstanden er stabil, kan graderast som lett og pasienten har god fysisk kapasitet. Dette gjeld til dømes pasientar som er vellukka revaskulariserte og ikkje har restangina. Pasientar med hyppige anginaplager skal vurderast av kardiolog før eit eventuelt operativt inngrep.
(Oppdatert 26. februar 2008)
Siste nyheter
- 01.03.2013Bedret livskvalitet...
- 24.02.2013Et liv uten briller?...
- 02.02.2013Røverkjøp for Privatsykehuse...
- 23.01.2013Utstyr fra dansk slott...
- 07.11.2012Størst i Norden uten lesebril...
- 04.10.2012PSH - Mest aktive norske aktø...

